Første spelekveld i det nye året blei spelt måndag 9. januar. Det var tett i toppen denne gongen, med vinnarar til slutt blei Anders Johansson og Tor Anders Hauge med 59,9% score. Ole og Laila Årland kom poenget bak og blei nummer to med 59,4 %, og tredjeplassen gjekk til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 57,3 %.
Resultatliste og spelstensilar
Neste måndag er det vanleg speling medan første simultanturnering i 2017 går måndagen deretter.
Vel møtt!
Resultat 3. runde om Bankpokalen (9/1 2017):
Samanlagt etter tre (av fire) rundar:
Siste runde om Bankpokalen 2016/2017 går komande måndag (16/1).
På siste årsmøte vart det vedtekne nye statuttar for Bankpokalen. Pokalen skal no gå over eitt år, og det er den beste spelaren (eller det beste paret) i tre av fire spelekveldar som vinn pokalen. Dvs. ein eller to premiar. Vinnar(ane) må ha ei form for medlemskap i Leikanger Bridgelag.
Manglar du makker så ring Jan Rømmen på telefon 48 14 76 99 eller send SMS. Han vil kople dei som tek kontakt. Dette gjeld også dei som ikkje er medlem i laget, men vil prøve seg ved bridgebordet. Også spelarar frå naboklubbar er velkomne - og same ordninga gjeld for dei.
Oppdatert terminliste for heile vårsesongen er lagt ut på heimesida.
2016 er snart historie og 2017 står for tur, forhåpentlegvis eit godt nytt bridgeår.
Sidan Eldresenteret er opptatt første måndagen i januar blir det ikkje speling denne kvelden. Første spelekveld blir dermed måndag 9. januar.
Elles står høgdepunkta i kø framover. Det første store på programmet er Nyttårscupen på Jessheim 7. - 8. januar. Thea Hauge speler der med jentelandslaget. Om fleire vil vera med er det framleis plass. Info og påmelding her.
Helga etter går klubbturen vår til Herdla Gjestgiveri. Turen er eigentleg fullteikna, men vi klarer kanskje å finna plass til eit par eller to til om vi snakkar fint med Anne Merete.
Tredje helga i januar er og ei stor bridgehelg. Ole og Laila Årland speler Gol-cup, og vil du reisa lengre kan du slå deg saman med Tor Anders Hauge og Anders Johansson og reisa til København og spela Radisson Blu Scandinavia IMP pairs.
Og til slutt kan vi ta med helga 4. - 5. februar då divisjonsspelinga i dei lågare divisjonane blir avslutta. Os har i alle fall eit, kanskje to lag som kjempar om opprykk til tredjedivisjon. Resultatliste etter første helga her.
Vel møtt til eit aktivt bridgeår i 2017!
SOM DERE SER NEDENFOR SÅ VANT JOHAN OG SVEIN SIMULTANTURNERINGEN DEN 5. JANUAR 2017.
På landsbasis holdt det til en flott 2. plass av 162 par! Bjørn Morten og Asbjørn fikk også en fin plassering. De ble nr 7! Nedenfor følger de 7 beste fra vår klubb:
Nr. 2 Rusten/Ness 67,3%, Nr. 7 Halbjørhus/Rust 63,0%, Nr. 30 Kirkebøen/Syverbråten 58,5%, Nr. 33 A. Wittig/Leikvold 57,6%, Nr. 90 Eldstad/Eidsberget 48,6%, Nr. 95 Intelhus/Bækken 47,9%, Nr. 102 Bråten/Kolsrud 47,2%
« Forrige Neste » 1... 4033 4034 4035 4036 4037 4038 4039 4040 4041 4042 4043 4044 4045 4046 ...12022